Norsk

MANUSBANKEN

Meny

Forfatter

Gyrid Axe Øvsteng

Gyrid Axe Øvsteng

(1974 - ) Gyrid Axe Øvsteng er dramatikar og barnebokforfattar.

Gyrid Axe Øvsteng er utdanna ved Universitetet i Bergen, Høgskolen i Oslo og KHiO.

Ho debuterte i 2000 med einaktaren Køyr!, og har seinare skrive for m.a. Det Norske Teatret, Teater Ibsen, Dansens Hus, Dramatikkens Hus, og Grenland Friteater, samt tekster for auditivt teater. Ho har hatt stykke oppført i m.a. Firenze, Malmø, København og Chicago. I 2007 skreiv ho ungdomsstykket Verkeleg for Den Unge Scenen, som blei nominert til Ibsenprisen.

Øvsteng har skrive barnebøkene Finn!, Draumar, Førstemamma på Mars og Mørkt. I 2014 fekk ho Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok og Kulturdepartementets bildebokpris for Førstemamma på Mars.

E-post
gyridaxe hos gmail.com (Send E-post)

Manuskript

Siste nytt

Oversettelser

Norsk dramatikk på nettet - manusbank.no - Norske dramatikeres forbund

Norske Dramatikeres Forbund